Det brenn!

Sørvesten rasa og trehusa knaka. Natt til laurdag 23. januar 1904 klokka 02:15 gjekk brannalarmen. Mange tenkte at det var falsk alarm, som så ofte før. Men ikkje denne gongen.

Dette er en Artikkel fra Vitimuseas kunnskapsserie, publisert januar 2023

Aalesunds preserveringsfabrikk på Aspøya stod i full fyr. Brannmannskapa blei møtt av røyk og gneister, og kampen stod om å redde nabobygga. Brannslangar, brannsprøyter og våte segl vart forsøkt brukt, men eldfluksene fauk med vinden og starta nye brannar fleire stader på Aspøya.

Brannen var ute av kontroll. Folk måtte vekkast og reddast over Hellebroa til Nørvøya. Nokon kom seg om bord i båtar på den urolege sjøen og vart vitne til at brannen spreidde seg hus for hus, gate for gate. I hamna gjekk det føre seg ein redningsaksjon for fiskeflåten. Fiskedamparane og skøytene vart flytta ut på fjorden, eller med vilje seinka i sundet slik at flammane ikkje skulle ta dei.



Farvel til den travle trebyen

Ålesund hadde hatt stor tilflytting dei siste tiåra. Dei fleste bybuarane kom fra distriktet, men også frå andre delar av landet og utlandet. Mogelegheitene for arbeid innan fiskeri, industri, handel, handverk og tenester var mange i den unge byen.

Dei fleste husa var bygd i tre. Nokre var gamle, men dei fleste var nye. Husa var malt kvite eller i ulike nyansar av oker, oliven og jord. Dei smale gatene slyngde seg rundt og over dei mange små høgdene, og frå 1896 lyste elektriske gatelys opp på nattestid. Ålesund hadde Norges største og mest moderne havfiskeflåte. Om kvelden den 22. januar 1904 låg mange fiskedampskip i hamna, i ly for stormen. Vinterfisket hadde nettopp starta, og det var ei travel tid.

Flukta ut av byen

Straumen av flyktningar frå nye bydelar auka. Dei som først hadde følt seg trygge måtte pakke saman og kome seg vekk. Ved to – tida neste dag var det nesten umogeleg å kome seg fram i folkevrimmelen på den sølete Borgundvegen. Skrekkslagne og trøytte drog dei kvarandre innover. Det var halvpåkledde og fortvilte folk overalt.

Brannen stoppa i Ysteneset heilt aust i byen klokka 04:00, søndag morgon. Den hadde tatt eitt menneskeliv, den 75 år gamle Anne Heen. 800 bygningar var lagt i ruinar og 10 000 menneske var huslause.

«Gud bevare oss for at være vitne til noe lignende oftere! Gråhårete oldinger som knapt kunne stå, slet seg fram. Flere ganger holdt de på å segne om, da en eller annen kom og rakte dem hånden for å støtte dem et lite stykke. Men så lød det bønn om hjelp fra mødre med små barn.» Sunnmøre Folketidende, 27.01.1904.

Det første døgnet

Det første døgnet måtte folka i byen hjelpe seg sjølve. Bygningar blei plukka ned og pøser med vatn gjekk i skytteltrafikk. Folk og ting måtte berast og støttast. Ei tenestejente bar husfrua si på ryggen over fjellet, og på Skansekaia høyrer vi om ei kvinne som jobba som ein mann. Dei gamle på aldersheimen vart flytta til gravkapellet på nordsida av byen. Bøndene langs Borgundvegen baud på mat og tak over hovudet til flyktningane. Borgund kyrkje og Likkapellet på Nørve var stappfulle av menneske. Folk var redde og slitne, og mange hadde fått augeskader av den sterke varmen.

Nyheita spreier seg og hjelpa kjem Det første hjelpeskipet kom frå nabobyen Molde allereie 23. januar. Det strøymde inn med pengar og hjelp frå heile landet: frå kommunar, kyrkjekollekt, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kulturliv og bedrifter. Avisa Dagbladet trykte lange lister av gjevarar, og var overvelda av all hjelpa.

Størst merksemd fekk Keiser Wilhelm II av Tyskland, som straks sendte fire store hjelpeskip. Den kom også donasjonar frå Frankrike, tyske kjøpmenn, det svensk / norske kongeparet, Sverige, Danmark, England og Amerika. Nødhjelpa skaffa mat, klede og midlertidige hus, og også sjukehus, aldersheim og barneheim.

Dagane etter brannen må ha vore vanskelege. Brannreporterane fortel om ro og orden, med nokre unntak. Utdeling av gratis mat og klede måtte organiserast for å prioritere dei verkeleg trengande. Det gjekk rykter om at nokon hadde tatt seg føre i ruinane etter gullsmedbutikken, og det vart klaga over folk utan arbeidslyst. Kanskje var det sjokket som lamma dei. «Man får inntrykk av at mange helst vil slænge og ingen ting gjøre». Sunnmøre Folketidende, Jan 1904.

Liv i brakkebyen

Brakkene begynte raskt å dukke opp frå ruinane. Dei første blei bygd av materiale som kom med keiseren sitt hjelpeskip, og sett opp av marinegastane hans. Sidan kom det fleire, nærare 700. Nokre var enkle plankehus, andre var solide trehus. Ålesund likna meir på ein leir enn ein by, og det kom tusentals arbeidssøkande frå heile landet. Det skapte arbeid i provisoriske kafear, vinstover og hotell. Brakkene blei etter kvart erstatta med dei nye husa, men materialet frå brakkene blei brukt i byggearbeidet. Nokre brakker fekk nytt liv i distriktet. Sovebrakka på Aspøya, gitt av Keiser Wilhelm, blei til jentekolonien i Skodje kommune. «Regjeringsbygget» der kommuneadministrasjonen heldt til blei gamleheim.

Unge arkitektar og handverkarar får vise seg fram Gjenreisinga var eit digert byggeprosjekt. Omtrent 50 arkitektar og byggmeistrar frå heile landetteikna hus i Ålesund. Dei fleste var unge og fekk ei einestående erfaring. Ein av dei var trønderen Hagbart Schytte-Berg (1860-1944). Han teikna 19 bygg, blant anna det vakre Svaneapoteket på Aspøya.

På grunn av Kristianiakrakket i 1899, låg store delar av byggjebransjen i landet nede. Dette var gunstig for Ålesund. Fleire tusen arbeidarar søkte arbeid i byen medan gjenreisinga gjekk føre seg, dei reiste heile 675 nye bygningar. Det gjekk i eit voldsomt tempo. Det første huset blei påbegynt allereie 10. august 1904, og var innflyttingsklart til jul. Det var urmakar Ludvig Brautes bolig i Øwregata 18 på Aspøya.

Arbeidarrørsla fekk eit kraftig løft, men her var også eit tjuetals arbeidskonflikter. Fleire vart langvarige. Mange av dei tilreisande vart verande i byen, og mange etternamn i Ålesund skriv seg frå denne tida.

Noregs dyraste naturkatastrofe Norges brannkasse måtte ut med 9,4 millionar kroner for dei nedbrente husa. Nesten like mykje gjekk tapt i fisk, varer og innbu. Det var Noregs til då største naturkatastrofe målt i økonomisk erstatning. Staten bidrog kun med å betale halve løna til ingeniør Fredrik Næser og bygningssjef Henrik Nissen. Ålesund kommune betalte den andre halvdelen.

Etter Ålesundsbrannen blei det innført «murtvang» i alle norske bysentrum. Murhus var dyrare enn trehus, og dei nye husa kosta truleg 10 millionar kroner meir enn forsikringa dekte. Bankane var skeptiske til å gje lån, så huseigarane slo seg saman om å danne ei kreditorforeining. Denne skaffa fem millionar i lån med grunnlag i kollektivt ansvar. Resten må dei ha skaffa på anna vis.

Jugendstilbyen ved havet

Etter tre år var byen gjenreist. Husa låg framleis langs sjøen, men dei fleste var bygd i mur og byen var den mest moderne i landet. Jugendstilen prega husa i den gjenreiste byen. Denne internasjonale stilretninga var ei arkitektonisk løysing på dei mange baksidene ved byliv og industrialisering. Menneska skulle leve i vakre bymiljø, og både natur og teknologi var inspirasjonskjelder. I Noreg kom stilen samstundes med nasjonsbygginga. I 1905 lausreiv Noreg seg frå unionen med Sverige, og ein kan framleis ane den unge nasjonen sine ambisjonar i bygatene. Europeisk formspråk smelta saman med den norske kulturarven. Ingen europeiske byar har ein like fortetta bygningsmasse i den nye stil, jugendstilen, som Ålesund.

Ålesund brenn – igjen og igjen


Første organiserte bybrannvandring i 1976.


Kvart år sidan 1979 har ålesunderane gått i spora etter bybrannen. Det starta som ei lita gruppe, leia av Aalesunds museum sin bestyrar Harald Grytten. I dag er vandringa eit fenomen kjent langt utover Ålesund sine grenser. Den tradisjonelle vandringa startar klokka 02:15 natt til 23. januar, og har fleire stopp med kulturelle innslag. Dei siste åra har det kome til fleire familievenlege arrangement, og også blitt flytta til nærmaste helg. Markeringa liknar ei feiring. Forteljinga om den redselsfulle natta har fått farge av det som har skjedd i ettertid. Tragedien kosta eitt menneske livet. Det kunne vore mange fleire. Den økonomiske veksten fortsette etter brannen. Frå 1950 – talet begynte den særeigne arkitekturen å vekke merksemd. Etter kvart har byen blitt anerkjend som eit unikt kulturminne, både nasjonalt og internasjonalt. Jugendstilen og bybrannmarkeringa høyrer til i Ålesundsidentiteten.