RUNDE FYR     |     GRASØYANE FYR     |     CHRISTIANSUND    |     VINDSKALA

Grasøyane Fyr

Fritt i leia, ytst ute i Rundefjorden, kneisar Grasøyfyret. Høgt over havet sender det ut sine klare lyskjegler og viser veg inn frå havet både til Herøy, Ulstein og Ålesund. Fyret på Grasøya vart etablert i 1886.

Frå 1938 var det fast fyrvaktar på Grasøyane. Fyrvaktarfamilien livberga seg av det som fanst på - og kring den vesle holmen. Ei kyr, nokre sauer og ein åkerlapp i tillegg til fiske. I 1950 kom det nytt fyr på Grasøya, som i dag er automatisert. Området er freda i medhald av Naturvernlova og det er forbod mot ilandstiging og ferdsel på land i tida 15. april - 15. august. I same perioden er det også forbode å ferdast i båt rundt øya innafor ei opptrekt grense

I "Søndmørs Beskrivelse" frå 1766 skriv Hans Strøm om "Græs-øen, en rundaktig, jævn og Græsrig Øe, som i de ældre Tider siges at have havt 2de Opsiddere, men skal siden være bleven forladt af samme Aarsag som den forhen beskrevne Erknøe i Borgunds Sogn, med hvilken den baade i Størrelse og andre Egenskaber kommer meget overeens, fornemmeligt deri, at den ved sine Klipperige Strandbrædde har en Deel store Bierg-Huuler, som tiene Faarene til et Henflugts-Sted i Skiul i ondt Veier, saa at de her kan gaae ude heele Aaret igiennem, baade Vinter og Sommer, uden nogen Slags Pleie eller Tilsyn. Dertil bruges den da og egentlig nu omstunder, foruden at den aarlig giver lidt Høe af sig …"