Kristofer Uppdal skildra i romansyklusen «Dansen gjennom skuggeheimen» korleis tilreisande arbeidarar opplevde resultatet av brannen:

Millom snaudberg utmed havet ligg byen avbrend. Upp frå dei rjukande oskehaugar grin dei nakne skorsteinspipur. Som ein kolbrend skog yvir røysane. Folk i tusundtal hev fari til den uppbrende by. I von um å få arbeid. Men er for tidleg ute. Byen skal fyrst regulerast. Med nye gatur og kvartal. Og arbeidarane vert gangande og vente. Det er enno vinter. Og er råsurt i veret. Dei arbeidslause rallarar er tunnk lædde, og gjeng og skamfrys seg reint . Um nætine grev dei seg ned i den varme oske. Og streppar um dagen ikring og fiktar pengar og anna til livberging . Dei rekkjer upp alle nykomne. Og furdar ut, um det er slantar å få.

Skildringa viser at brannen førte til at mange arbeids lause kom til byen. Ulukka hende i ein periode prega av økonomiske vanskar og mangel på arbeidsplassar i Noreg.

BB2_006_jpg